søndag 3. juni 2012

eit siste farvel

No har me hatt fotofaget i eit halv år, og det er på tide å snu nasen mot sommar og eit nytt skuleår. Det har vore eit kjekt år med faget trykk og foto, og det er kjekt å ha denne bloggen å sjå tilbake på.


ein fin søndag fyllt med luft.

onsdag 23. mai 2012

ein forsmak av sommar.



Været har plutseleg gått amokk og etterlatt oss med middelhavsvarme. Alle prøver å få med seg mest muleg solvarme på kroppen før me får vår vanlege norske sommarferie med middels temperaturar og ein passe mengde regn. Men eg lev endå i gleia av at me har sommarvarme i mai, og ser fram til lange dagar på stranda med gode venner. 


mandag 14. mai 2012

Sandnes Klarinettkor

Den siste oppgåva eg har arbeida med i faget trykk og foto er ei paroppgåve saman med Ester. Me har arbeida med å lage eit cd-cover til sandnes klarinettkor, men oppgåva er ennå ikkje avslutta.



Oppsummering av fotoåret.

FOTO
Gjennom det siste halve året har me hatt foto ein gong i veka, og no har me kome til vegs ende. Gjennom dette året har me gått gjennom ulike basis-innstillingar på kameraet, bruk av komposisjon og lys for å nemne noko. Eg synes at det har vore kjekt å få moglegheita til å ta meir bileter og det å bruke bileter i oppgåver. Eg kunne ein del frå før om kameraet mitt, men eg synes at det har vore greit å få ei repitisjon, og no kan eg det sjølvsagt betre. 

Me har fått ulike utfordringar, med ting som utfordra på ulike måtar. Nokre gonger var det utfordringar i forhold til det tekniske og få instillingar og liknande bra, medan andre gonger var det utfordringar med å gjere eit konsept annleis og nytenkande. Eg synes at eg har fått mest utfordring på det planet med å finne løysningar på oppgåva, særleg når me måtte ta bileter som eg ikkje var vann med. Eg synes at dette har vore kjekt!

BLOGGING
Me har brukt blogging for å dokumentere dei ulike oppgåvane me har hatt i fotofaget dette året. 
Eg synes det har vore ein grei måte å jobba på, i staden for å ha innleveringar og liknande. Ved å samle alt på ein blogg har du ein oversikteleg blogg som du kan sjå tilbake på. Eg likar særleg at det er ein god måte å sjå utviklinga gjennom året, og sjå at eg har forbetra meg på områder. Det er også kjekt når me har moglegheita til å gå inn på dei andre elevane sine bloggar og sjå korleis dei tolkar,løysar og vinklar oppgåvane me får. 

ARBEIDSMETODAR
Eg er svært nøgd med korleis me har arbeida med fotofaget gjennom året. Me har hatt passande mengde med arbeid slik at det sjeldan må bli gjort noko heime, noko som er svært positivt. Arbeidet med bloggen har vore kjekt, me har også fått moglegheit til å reise på nokre ekskursjonar og bruke fotostudio, så det har alt i alt vore ein kjekk måte å arbeide på og me har fått lære litt av kvart.



mandag 23. april 2012

Reflektor

Mandag  den 16. hadde me nokre timar der me lærte litt om bruk av reflektor og prøvde ut dette. Ein reflektor er en gjenstand som reflekterer lyset; dette kan utnyttes til å tilføre varmt//kaldt lys, obserbere lys og tilføre kvitt lys. Vi brukte en reflektor med en gull og en sølv side, som tilfører henholdsvis varmt og kaldt lys.


Under kan du sjå to bileter som er nesten like, forskjellen er at på det fyrste biletet har eg brukt gull- reflektor og ikkje på det andre. Dette kan ein sjå tydeleg i ansiktet til Ester, som på det fyrste biletet er mykje lysare enn på det nedste.  

Det var kjekt å prøve ut dette, men og utfordrande å få eit godt resultat sidan me hadde lite erfaring med bruk av reflektor. 

Fotostudio

I dag har me vore i fotostudio og lært litt om bruken av dei ulike typane blitzar, me brukte softbox og paraplyblitz. Softboxen er ein blitz som gir jamnt og dust lys, og ikkje den typisk skarpe blitzen. Paraplyblitzen lysar opp bakgrunnen, og fjernar eventuelle ujamnheiter.


Lukker 1/60   Blender f/14,0   ISO 200   Fotoapparat CANON EOS 7D
Lukker 1/60   Blender f/14,0   ISO 200   Fotoapparat CANON EOS 7D


Lukker 1/160   Blender f/14,0   ISO 200   Fotoapparat CANON EOS 7D
Me fekk litt tid kvar til å teste ut ulike instillingar på blitzane og til å prøve ulike fargar bakgrunnen. Det var ganske utfordrande å finne rett styrke på softboxane for å få eit jamnt lys, men det var svært lærerikt.